Logg inn med Feide
Det er ikkje krav om beståtte emne for å ta dette emnet.
Emnet er for deg som ønskjer å auke din kompetanse på digitale verktøy og musikkteknologi i høve musikkundervisning i grunnskulen. Emnet er nettbasert og undervisninga er i all hovudsak asynkron i form av digitale læringsløyper, rettleiing av oppgåver og arbeidskrav, og innføring i ulike typar programvare og maskinvare med tilhøyrande praktiske oppgåver. Undervisninga er lagt opp slik at studietid kan tilpassast den individuelle studenten sine behov med tanke på jobb og andre studiar. Studenten må ha eigen PC/Mac, men studiet baserer seg på programvare som er open og tilgjengeleg for alle.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgende læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kunnskap om digitale ferdigheiter sin plass i læreplanen i musikkfaget igrunnskulen
- kan anvende kunnskap om ulike typar programvare og maskinvare, og har utvikla kompetanse knytt til korleis desse kan nyttast i musikkundervisning
- har kunnskap om redigering av lyd i ulike digitale arbeidsstasjonar (DAW)
Studenten:
- kan nytte ulike former for programvare og maskinvare på varierte måtar i undervisninga
- kan skape og utøve musikk med eit utval teknologi på ein sjølvstendig måte
- kan gjera enkle lydopptak, og redigere og behandle opptak for bruk i ulike samanhengar i musikkfaget
- kan planlegge, gjennomføre, analysere og kritisk vurdere undervisning med digitale verktøy og musikkteknologi i ulike læringssituasjonar
Studenten:
- kan anvende fagleg kunnskap til å forhalda seg kritisk til opphavsrett, personvern, åndsverklov og KI, generelt og i planlegging og gjennomføring av musikkundervisning
- evnar å vidareutvikle sin digitale og musikkteknologiske kompetanse og halde seg oppdatert på fagområdet.
Emnet er asynkront organisert i nettleksjonar, øvingar og arbeidskrav. Undervisninga er organisert i form av læringsløyper og kurs i Canvas med vekt på problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i gruppe. Arbeidsoppgåvene vil vere praksisnære og knytt til læring og undervisning. Øvingar og arbeidskrav vil dekkje både praktisk arbeid med ulike program- og maskinvare og didaktisk refleksjon.
Frammøtekrav:
- Ingen
Arbeidskrav:
- Eitt sjølvutvikla musikalsk produkt produsert i valfri programvare
- Ein refleksjon rundt eigenutvikla fagdidaktisk undervisningsopplegg
Alle arbeidskrav må vera godkjende for å kunne gå opp til eksamen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda - Kapittel 10.
| Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
|---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 8 Dagar | Stått eller ikkje stått | 100% | Eit eigenutvikla didaktisk undervisningsopplegg. |